Om oss

Laila Tekstil & InteriørA/S ligg i den trivelege Kyrkjegata, i Ulsteinvik. Etter 13 år i Ulsteinvik, har vi det som "plommen i egget" her i Kyrkjegt.1! Vi er to drivande damer, begge med solid fagkunnskap innan saum, tekstil- og materiallære og interiørfag. I tillegg har vi to sydamer til disposisjon når vi har bruk for det!
Vi tek og på oss større prosjekt, t.d.kontorlandskap, skular mm. som treng solskjerming eller gardiner.
Som konsulentar kan vi og tilby heimebesøk både til private og til firma som treng vurdering av ulike løysingar.
. Du kan låne med heim både gardinprøver og tapetbøker, eller du kan studere desse i den lyse og lette butikken vår.
Solskjerming og lysdemping er viktig for dei fleste. Vi leverer gode produkt til konkurransedyktige prisar! Kom innom og sjå våre modellar og få brosjyrer!