Tenester

Gardinstoff i ulike kval.
Gardinstoff i ulike kval.
Stol i
Stol i "ny drakt"
Siste fra Designers Guild
Siste fra Designers Guild
Småmøblar og lamper
Småmøblar og lamper
Mykje nytt til haustkos
Mykje nytt til haustkos


Interiørtekstiler


I dag er interiørtekstiler eit stort og omfattande felt. Gardiner og møbelstoff i ulike kvalitetar og fargeskalaer - alle til sitt bruk. Felles for alle våre leverandørar er at det kjem nye kolleksjonar to gonger i året. Dette gjer det sjølvsagt ekstra spanande å følgje med på det som skjer både for oss og kundane våre. Flammehemma gardiner og sengeutstyr er det påbod om på t.d. alle skip. På sjukeheimar, sjukehus og hotell bør dette vere standard. Vi har fleire leverandørar som sikrar oss gode kvalitetar innan dette feltet.

Tapet

Du finn eit rikt utval av tapeter frå kjende leverandørar. Også flotte katalogar for
barnerom, med kombinasjonar tapet /gardiner.

Lamper, småmøblar og gåver



Som "prikken over i èn" er koselege møblar, smålamper, duker, puter, lysestaker mm . Her finn du
stort og smått til hus og hytte, eller den spesielle gåva du vil gi bort.


Vi har mange flotte leverandører, og denne tida kjem det stadig inn nye, fine varer!
Krukker fra Madam
Krukker fra Madam
Smykker fra Hjerter
Smykker fra Hjerter
Krus fra Madam interiør
Krus fra Madam interiør
Herregård Design
Herregård Design

Symaskiner for salg er ei av dei siste populære tenestene vi kan yte. Det er i hovudsak Janome symaskiner vi har lagt vekt på. Dette fordi vi sjølv har sydd på det i ti år i systova, og har erfart at det er eit solid og godt merke. Vi har god kontakt med Janomeleverandøren i Noreg. Vi har og vore på Nordisk seminar for Janome-selgarar. På lageret har vi til ei kvar tid fleire gode modeller inne. Vi merker ei "oppblomstring" av unge og eldre som vil vere kreative og utøvande på ulike felt innan ulike saumfelt.
www.janome.no

Solskjerming



Til gardiner høyrer og gardinutstyr. Korleis vil du montere gardinene dine? Eller treng du gardiner som også kan gi mørklegging eller solskjerming? Liftgardiner, lamellgardiner, plissegardiner eller persienner? Ta kontakt for å få montert gode løysingar som hindrar lysreflekser på dataskjermen, samtidig som du kan sjå ut! Desse tekstilane finst i mange ulike kvalitetar og fargar. Mykje nytt til gode prisar!
Rullegardiner i mange fine stoff!

Kyrkjetekstilar

Med utganspunkt i kyrkjeromet, teiknar vi forslag til messehakel, pultklede, antipendie, stola m.m Det er biskopen i kvart enkelt bispedøme som godkjenner forslag som vert sendt inn frå det enkelte sokneråd. For oss er det viktig å bruke tid i kyrkjeromet, for å få eit riktig inntrykk av arkitektur, fargar og symbolikk.
Tekstilane våre finn du mellom anna i desse kyrkjene:
Romsås kyrkje, Oslo
Lamberseter kyrkje, Oslo
Hamnsund kyrkje, Haram
Austefjord kyrkje, Volda
Fagerborg kyrkje, Oslo
Arneberg kyrkje, Solnør
Dalsfjord kyrkje, Volda
Vatne kyrkje, Haram
Øre kyrkje, Gjemnes
Ørsta Frikyrkje
Gimmestad kyrkje, Vereide
Hillevåg kyrkje, Stavanger
Slettebakken kyrkje, Bergen
Solheim kyrkje, Bergen
Straumsnes kyrkje, Tingvoll
Indre Herøy kyrkje, Herøy på Sunnmøre
Gursken kyrkje, Sande
Stolaen høyrer prestedrakta til. Derfor vert stolaen tilpassa kvar enkelt prest. Vi har mange ulike symbol som er godkjende for bruk i den norske kyrkje. Teknikken som vert brukt er broderi og applikasjon. Ta gjerne kontakt for nærmare informasjon!